Kontoret i Bergen

Del 3: Handelskontoret i Bergen 1702-1866

Innleiing: I 1702 blei Bergen råka av ein omfattande bybrann. Store deler av byen var lagt i aske. Gjenoppbygginga fekk konsekvensar for Kontorets område på Bryggen ved at det var viktig å sikre god avstand mellom Kortorets bygningar og byen. Sikringa av Kontoret gjennom regulering viser kor viktig kontoret var i Bergens og den dansk-norske økonomien. Kontoret med fisk, korn, salt og andre forsyningar var sjølve livsnerven for Nord-Norge og Bergen. Men Kontoret var i endringa for svekkinga av dei hanseatiske byane og byforbundet hadde skote fart etter 1650. Det var uvisse om kjøpmenn frå dei hanseatiske byane kunne gjenreise Kontoret. Truleg ikkje, og derfor kom det forslag om å dele området i to. Ein nordleg del for kjøpmenn frå dei hansatiske byane, og ein sørleg halvdel for kjøpmenn med borgarskap i Bergen. Reguleringsforslaget var i tråd med dei økonomiske og eigedomsmessige realitetane. Mange av handelsstuene var eigd og drivne av Bergenske kjøpmenn.

I 1760-åra var alle handelsstuene (ca. 58) eigd av kjøpmenn med borgarskap i Bergen. Etter kongeskiftet i 1767 blei avtalen om Kontoret ikkje fornya. Grunnlaget for Kontoret var ein avtale (handelsprivileg og -avtale) mellom nokre hanseatiske byar og den dansk-norske staten. Dermed opphørte Kontoret i Bergen å eksistere.

Ein del av Kontor-avtalen gav kontoret rett til ein viss rettsleg-administrativ autonomi (sjølvstende). Dette gav Kontoret sjølv rett til å utforme eigne vedtekter kalla «Statuta» (Statutter). Vedtektene galdt det hanseatiske kontor og då stuene eigd av kjøpmenn frå dei hanseatiske byane. Vedtektene regulerte interne forhold både mellom stueeigearar og stueforvaltarar og mellom kjøpmannene og hans tilsette (gesellar og jungen/drengar).

Dei bergenske kjøpmennene var ikkje underlagt Kontor-avtalen og mange kjende seg heller ikkje bundne av Kontor-vedtektene («Statuta»). I eit forsøk på å få orden på dei interne forholda blei dei i 1754 utforma eit sett av vedtekter som skulle gjelde dei ikkje-hanseatiske stuene og kjøpmennene. Etter kongeleg vedtak 7. oktober 1754 blei desse gjeldande for dei ikkje-hanseatiske handelsstuene (Det var då berre 4 hanseatiske stuer att av kring 60 stuer).

Desse vedtektene av 1754 har sterkt misvisande blitt kalla grunnlova for «Det norske kontor» og sett i samanheng med etableringa av eit norsk kontor som videreføring av det tyske/hanseatiske kontor. Det er viktig å påpeike at dette er misvisande. Korkje formelt eller reellt blei eit norsk kontor etablert. Vedtektene av 1754 regulerer interne forhold mellom kjøpmenn og deira tilsette som har tilhald på det tidlegare tyske kontors område. Desse vedtektene inkluderer ikkje økonomiske rettar og plikter som var sjølve grunnlaget for det tyske/hanseatiske kontor.

Byleiinga arbeidde fram eit forslag til Kongen for å raskt kunne gjenoppbygge byen. Sentrale embetsmenn i Norge engasjerte seg også i saka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *