Bergen kommunes eigedomsregister 1947- ca. 1985

I 1948 sette Bergen kommune i drift eit nytt eigedomsregister – eit såkalla visibelt system. Bergen bys matrikkel i perioden 1887-1985 var basert på unike referanser som bestod av gatenamn og gatenummer pluss eventuelt ein bokstav. Det visible systemet bestod av metallpermer med stive skilleblad av papp. Kvar perm inneheld eit sett av gater, gatene var sortert alfabetisk og t.d. gater med namn på Sto til Sø var samla i ein perm. Skilleblada skilde gatene.

Metallmappe i det såkalla "Visuelt system" for gater med namn på "Sto" til "Sø"

Metallmappe i det såkalla «Visuelt system» for gater med namn på «Sto» til «Sø»

 

I permen hadde kvar eigedom eit kort med gateadressa (matrikkeladressa) skriven nederst på kortet, t.d. «Hollendergaten 10». Talet på kort var avhengig av talet på eigedomar under eit gatenamn. Kortet hadde rubrikk for tidlegare matrikkeladresse, normalt rode og nummer. Baksida av kortet inneheld referansar til «Kartforretningar», «Påtegninger» og «Annet». Kvar av desse referansane var ført med dato, protokollnr, folio (side), omtrentleg areal og merknader. Kortet kunne også ha referanse til Heftelser, Reguleringar og situasjonskart og til slutt referanse til bykart.


Framsida av kort for Hollendergaten

Framsiden av kort for Hollendergaten 10. Trykk på bildet for større bildekopi

Ved ommatrikuleringa i 1985 blei det nye gards- og bruksnummeret ført på i høgre del av kortet. Hollendergaten 10 blei ved ommatrikuleringa i 1985 tildelt gards- og bruksnr 166/471.

Baksiden av kortet for Hollendergaten 10

Baksiden av kortet for Hollendergaten 10. Trykk på bildet for større bildekopi.

Baksida av kortet for kvar grunneigedom inneheld referansar til kartforretningar og påteikningar m.m.

Kjelder og litteratur

Eugen Lund (1955), Kommunalt oppmålingsvesen, Oslo, Grøndahl.
Dag Skram (1982), Registersystemer for eiendomsforhold i Bergen, Hovedoppgave, Ås-NLH.
Bergen Byarkiv, Oppmålingsavdelingen, Gateregister 1947-1985.

Comments

comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *