Handelsstuer og gardar

Kontorets handelsstuer og gardar

Handelsstuene var del av eit felleskap kalla gard eller naboar. Ein skriven gardsrett (naborett) kunne regulere dette fellesskapet. Ein gard bestod normalt av to husrekkjer og ein passasje. I branntakstar og skattelister frå kring 1760 var det vanleg å liste handelsstuene etter gardar og frå syd (Torget) mot nord (Bergenhus). Det var sameleis vanleg å føre og numerere handelsstuene på søndre side av passasjen mellom dei to gardsrekkjene først. Det betyr at handelsstuen i søndre husrekkje mot Vågen var nr. 1, medan handelsstuen på nordre side mot Øvregaten fekk det høgste nummeret (t.d. 5 eller 6). Desse prinsippa blei videreført i matriklane inn på 1900-talet og dannar også prinsippet for organiseringa av dokumentasjonen nedanfor.

Innafor perioden denne dokumentasjonen dekkjer (etter 1754) har Bergen by hatt to matrikkelsystem, eit frå 1778 (Grunntaksten) og eit frå 1887 (Bergen bys Matrikkel). Lista nedanfor er basert på ei jamføring av desse to. I Grunntaksten 1778 er kontoret kalla Det Bergensche Handels Contoir med kortforma Contoiret. I Matrikkelen frå 1887 er gardane og stuene lista under fellesbetegnelsen «Tydskebryggen». «Tydskebryggen» ser ut til å ha komme i bruk kring 1850, samstundes med at Kontoret mista sin autonome rettslege status og funksjon.


Gard i 1778 Handelsstuer i 1778 Gard i 1887 Handelsstuer i 1887 Merknad
Contoiret No 1. Finne-gaarden Søndre 1, 2, 3, Nordre 4, 5, 6, Felles 7 Finnegaarden 1a, 1b, 2, 3, 4, 5, felles 6 b.
No. 2 Dramshuusen 1,2,3,4,5,6,7 Dramshusen a
No. 3 Bratten 1,2,3,4,5 Bratten a
No. 4 Leppe-gaarden 1,2,3,4,5,6 Leppen c
No. 5 Revels-gaarden 1,2,3,4,5 Revelsgaarden 1,2,3,4a,4b,felles 5 c
No. 6 Sole-gaarden 1,2,3,4,5,7 Solegaarden 1,2,3a,3b/3c/4,5,6,felles 7 c
No. 7 Kiøbmandsstuen Interessentene kjøpmandsstuen c
No. 8 Cappe-gaarden Owe Holm Utgått Kjøpt 1865, utlagt til gate. Vis tgl.
No. 9 Holmedahlen 1,2,3,4,5,6 Holmedahlsgaarden 1,2,3,4,5,6 (F) d
No. 10 Bell-gaarden 1, 2, 3 Belgaarden 1,2,3
No. 11 Jacobs-fiorden Nordre side 4, 5, 6, 7 Jacobsfjord 4,5,6,8
No. 12 Svends-gaarden 1,2,3,4,5 Svensgaarden 1,2,3,4, felles 5
No. 13 Eenhorns-gaarden 1,2,3,4 Eenhjørningsgaarden
No. 14 Breds-gaarden 1,2,3,4,5,6,7 Bredsgaarden
No. 15 Bue-gaarden 1,2,3,4,5,6 Bugaarden
No. 16 Engel-gaarden Sydre 1, Nordre 2,3 Engelgaarden
No. 17 Søster-gaarden Nordre 1,2,3,4 Søstergaarden
No. 18 Guldschoen Syndre 1, Nordre 2, 3 Guldskogaarden 1, 2

Kjelder og litteratur

Byarkivet i Bergen (BBA)
— Magistraten. Grunntaksten 1778, Tilvekst 670.
Matriklar for Bergen by
Bergen bys matrikkel 1887
Bergen bys matrikkel 1907-08

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *