Kontora i Bergen frå kring 1700

Frå 1754 var det formelt sett to kontor i Bergen, Det tyske eller hanseatiske kontor og Det Norske kontor. Det hanseatiske kontor (DHK) opphørte i 1760-åra, då det ikkje lenger var handelstuer tilslutta DHK. Eit kontor bestod av handelsstuer organisert i nabolag kalla gardar. Dette fellesskapet hadde ansvar for sin del av bryggja («Bryggen») og disponerte saman ein skjøttstue, opphaldsrom for måltid og felles samvær for heile garden. Handelsstuen var eigd og driven av ein kontorisk kjøpmann (eller Principal **), men drifta var ofte sett bort til ein handelsforvalter. Den eldste av handelsforvaltarane/kjøpmennene innan kvar gard (nabolag) blei kalla oldermann (for garden).
Kontorets foretningsførar og administrator var Sekretæren. Til 1866 var kontoret også eigen rettsinstsans med føring eiga ting- og pantebok der forstandarane utgjorde retten og sekretæren administrator. Desse institusjonane blei nedlagt samstundes med at Lyse kloster og Rosendal baroni miste tilsvarande status.

I populære framstillingar i dag har to av desse institusjonane fått fortrinn, «Bryggen» og «Gardane». Denne overgangen frå Kontor til Brygge, og frå Handelsstuer til Gard, ser ein m.a. i Christian Koren Wibergs publikasjonen Det tyske kontor i Bergen frå 1899. I forordet blir «Kontoret» gradvis bytt ut med «Tyskebryggen» og fokus i publikasjonen er dei einskilde gardane, i alt 15 (17) i talet. Wibergs forenkling og vektlegging av dei to mest iaugefallande fysiske strukturane, det felles bryggeområdet mot Vågen og gardane vanlegvis med ein imponerande dobbel gardsfasade kan ha vore viktige faktorar for at deler av Kontoret i dag er bevart og har verdsarv-status.

Dokumentasjonsmessig er Wibergs forenkling problematisk sidan den legale, matrikulære, økonomiske og sosiale eininga var handelsstuen. Handelsstuen er derfor nedanfor valt som det primære dokumentasjonseininga. Fysisk bestod handelsstuen av fleire bygningar som kan identifiserast unikt og separat i historisk kjeldemateriale frå 1700-talet, men handelsstuen dannar likevel den primære eininga fordi det er den lågaste matrikulære eininga.

Liste over [Handelsstuer og gardar]

Kontoret i matriklar

Matrikkelen 1887
Matrikkelen 1906-7
Matrikkelen 1915-18

Kontoret i bilder

Billedsamlingen UiB
Nasjonalbiblioteket Bruk «Bryggen» som søkestreng, avgrens sted til «Bergen» og materiale til «Foto»

Kontoret på kart

[google-map-v3 width=»450″ height=»450″ zoom=»17″ maptype=»roadmap» mapalign=»center» directionhint=»false» language=»default» poweredby=»false» maptypecontrol=»true» pancontrol=»true» zoomcontrol=»true» scalecontrol=»true» streetviewcontrol=»true» scrollwheelcontrol=»false» draggable=»true» tiltfourtyfive=»false» addmarkermashupbubble=»false» addmarkermashupbubble=»false» addmarkerlist=»60.397273, 5.323934″ alt=»Bryggen i Bergen» bubbleautopan=»true» showbike=»false» showtraffic=»false» showpanoramio=»false»]

Kjelder og litteratur

Christian Koren Wiberg (1899), Det tyske kontor i Bergen, Hanseatisk museums skrifter, Bergen.
Forordningar, lovverk m.m.
— 7. okt. 1754.
— 20. aug. 1756. Om vakthald og vedlikehald av kyrkja

** Principal var namnet på stueeigar/kjøpmann med tilhald i ein av Hansabyane (Rostock, Lubeck etc.).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *